-Det er klart at avlysinga av hovedlandsrennet var skuffande også for oss som under leverandør. Økonomien betyr alt. Vi var veldig innstilte på å greie dette og var i ferd med å opparbeide eit økonomisk grunnlag for gjennomføringa. Avlysinga var trasig for begge lag. Den største konsekvensen for oss er nok tap av forventa inntekter, seier leiar i IL Veten, Oddvin Myklebust.

-Ekstra spesielt var det at vi av Skiforbundet var forespegla å kunne arrangere hopp og kombinert dersom juryen godtok det, uavhengig av avlysinga på Ullsheim. Det vart sagt at dei ville fråvike sitt prinsipp i denne spesielle situasjonen. Vi gjekk dermed i gong med å rigge til arrangement før vi onsdag morgon fekk kontrabeskjed der Skiforbundet stadfesta at dei ikkje ville splitte arrangementet, seier leiar i IL Veten, Oddvin Myklebust.

Han legg til at han forsåvidt har respekt for standpunktet sidan Stryn tidlegare har hatt lett for å få arrangement nettopp på grunn av at dei kan ha ein meisterskap samla.

-Vi får tru at det byr seg fleire sjansar etter dette, seier Myklebust.