Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, skjønar godt frustrasjonen hos kundar som no opplever å få avisa både tre og fire timar seinare enn dei gjorde før omlegginga.

- Vi er ikkje nøgde med Posten og den måten dette har skjedd på. Som storkunde fekk vi aldri noko informasjon kring denne omlegginga, utover den lappen som vart sendt ut til husstandane kort tid før den vart gjennomført, seier Flaten. Som kunde av Posten legg Fjordingen att ca 2 millionar i distribusjonstenester, og redaktøren av lokalavisa hadde forventa ein litt betre kommunikasjon når slike større endringar finn stad.

- Vi fekk vite gjennom eit postbud at omlegginga også betydde endring av rutene, seier Flaten.

- For at det skal fungere må vi legge abonnentar til rett rute, og dette fekk vi aldri beskjed om.

Hadde møte med Posten

Flaten og redaktøren i Fjordenes Tidende tok denne veka initiativ til møte med Posten for oppklaring. Der møtte dei to personar frå den regionale leiinga for Sunnmøre og Nordfjord.

- Posten meiner at ut frå konsesjonsreglane har dei høve til å levere fram til klokka 17. Eg tykkjer derimot at det er uhaldbart, og gav klart uttrykk for at seinast akseptable leveringstid er klokka 16. Dei har i alle fall lova å sjå på dette. Dei skuldar elles på ekstra utfordringar no i starten av omlegginga, og seier at ting vil gå seg til. Eg forventar betring og vil følge saka tett, avsluttar Flaten.