Måndag 29. juli startar arbeidet med å leggje ny asfalt på rv. 15 over Strynefjellet. Arbeidet i tunnelane vil pågå på nattestid og trafikken vil sleppe gjennom ein gong i timen.

Strekninga som skal få ny asfalt er frå krysset med fv. 258 Gamle Strynefjellsvegen i vest til krysset med fv. 63 Geirangervegen i aust. Dette arbeidet er rekna å ta om lag fire veker.

- Vi startar i vest og arbeider oss austover. Først Ospelitunnelen, deretter Grasdalstunnelen og til slutt Oppljostunnelen, seier byggjeleiar Kjell Eide i Statens vegvesen.

Arbeidet i tunnelane blir gjort på kveld- og nattestid for at konsekvensane for trafikantane skal bli minst mogleg. I dette tidsrommet vil trafikken sleppe gjennom i kolonne ein gong i timen: Kvar heile time frå aust og kvar halve time frå vest. Kolonnene vil bli leia av ein følgebil. Ekspressbussar får køyre også utanom desse tidene.

- Etter at vi er ferdige i tunnelane skal vi også leggje nytt dekke på strekninga Grotli- Billingen. Totalt skal vi legge 26 km med ny asfalt på rv. 15 over Strynefjellet i sommar. Vi ber alle trafikantar vera tålmodige både medan dei ventar og når dei køyrer i tunnelane. Ikkje minst ber vi alle om å ta omsyn til asfaltarbeidarane i tunnelane. Dei har ein svært utsett arbeidsplass, seier Kjell Eide.