Isen er i full oppløysing i låglandet. I fjellet er det stort sett farbar is, men også i høgda må ein vise aukande merksemd der det er vatn som går i straumar under isen, seier NVE i ei pressemelding før påske.
For Sogn og Fjordane og Hordaland sender NVE ut denne ismeldinga:
I låglandet er vatna isfrie. Over ca 600-700 m.o.h. er mange vatn enno farbare, særleg i nord. Merk at det er stor variasjon med storleik og dupn, og også forholdsvis stor variasjon på eitt og same vatn.
Mange vatn av litt storleik har parti med tynn is. Isforholda er best i nord, då snø har forseinka isleggjinga i sør. Generelt er det betydeleg mindre is enn normalt, men dei fleste uregulerte vant i høgda har minst eitt islag over 10 cm.
I år med dårlege isforhold, som i år, blir isen meir svekka av reguleringar. Hald difor ekstra god avstand til påverka område. Sjå raude felt på iskartet til NVE.
Over ca 1.000 m.o.h. reknar vi alle uregulerte vatn som farbare. I påska er det meldt plussgrader både dag og natt opp til ca 700 m.o.h. Endå fleire vatn under 700 m.o.h. vert dior venta å bli farlege i løpet av påska. Høgare oppe er det enno nattefrost. Nedbrytinga skjer difor langsommare på vatna frå 700-900 m.o.h. Snø på vatna forseinkar nedbrytinga, då snøen må smeltast før isen vert broten ned for fullt. Over 900 m.o.h. vert det venta mindre endringar.