– Det var veldig høgtideleg, seier presten som vart ordinert i Nykriken i Bergen sist veke.

- Og veldig kjekt at det kom så mykje familie og vener. Dette var ei kyrkje som er heilt framand for meg, men likevel var det mange også frå Stryn som kom for å vere med, seier Henny Koppen, som også seier det var hyggjeleg å planleggje gudstenesta, plukke salmar og halde preika under ordinasjonsgudstenesta.

- Og litt skummelt, med alle desse høge geistlege på første rad! ler ho.

I ordinasjonen deltok biskop HalvorNorhaug, domprost Jan Otto Myrseth og prost Rolf Schanke Eikum, og dessutan dei som Henny sjøv hadde plukka ut, prest i Fana, Rune Kysnes, og lekgudstenestelairGunnhild Bergset frå Fjelli.

Henny Koppen har gått ein annan veg enn den vanlege teologien når ho skulle bli prest. Ho har hovudfag i musikk, og har i tillegg studert pedagogikk og kristendom. No måtte ho søkje om å få godkjent utdanninga si som kvalifiserande for kyrkjeteneste. Dette vart vurdert og godkjent av ei eiga, breitt samansett nemnd.Deretter søkte ho på praktikum (praktisk teologisk studium). Ettersom ho har mykje praksis frå kyrkjeleg arbeid, både innan KFUK-KFUM og annan frivillig arbeid, fekk ho dette godkjent som ein del av praktikum.Ved juletider var ho ferdig med utdanninga, og no er ho tilsett som prostiprest i Nordfjord. I denne stillinga skal ho vere prosten sin næraste medarbeidar, vere til disposisjon til ulike oppgåver i prostiet og dessutan jobbe for prostirådet og m.a. ha med Seljumannamessa å gjere.

– Eg gler meg veldig til å ta til i arbeidet, seier Henny Koppen, som skal ha i si første gudsteneste i Randabygd kyrkje 2. august. Foto: Edvin Urkedal koppen

Ho tek til i stillinga i august. – Den første gudstenesta mi som prostiprest i Nordfjord vert i Randabygd kyrkje 2. august, fortel ho.Fram til ordinasjonen har ho hatt ein svært hektisk periode i jobben som høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda. – Eg har absolutt trivest veldig godt i jobben eg har hatt, men no har eg lyst til å gjere noko nytt, seier Henny. – Eg har alltid følt meg veldig heime i kyrkja, og eg har spelt orgel heile mitt vaksne liv. Og så er eg veldig glad i gudstenester.– Men kvifor akkurat prest? Er det eit kall?– Det du kjenner at du har lyst til å gjere, er ikkje det eit kall? Dette er det eg føler at eg har lyst til, og eg føler at eg kan gjere ein god jobb. No gler eg meg veldig til å kome i gang, seier Henny Koppen.