Det bognar av bilinteresserte folk under Motorfestivalen i Stryn, så ein betre plass å vise seg fram på gateplan skal ein leite lenge etter. Uansett skal dei tre lokale bilforhandlarane i Stryn vere til stades med nypolerte eksemplar av nye modellar frå sine respektive fabrikat.

– Motorfestivalen er veldig viktig for oss og vi gler oss til å vise oss fram for folkemengdene. Dessutan kan eg garantere at det vert sol under Motorfestivalen i år, seier Einar Fredheim ved Toyota Nordfjord i Stryn.

nybil: Einar Fredheim viser fram kupeen i ein heilelektrisk Toyota BC4X. Foto: Roger Oldeide

I høve førehandsomtalen stiller han i den heilelektriske Toyota BZ4X.

Bilar på lager i år

– Vi har alltid vore med på denne festivalen fordi det er ein viktig arena. Det som skil seg mest ut i år i forhold til i fjor, er at vi har bilar på lager som ein kan levere omgåande eller på kort tid. I fjor handla det om å setje seg opp på ei venteliste med lang ventetid. Heldigvis er situasjonen endra no, seier Rolf Langeset og Knud Frausing ved Stryn Mek. Verkstad AS.

Nybil: Knud Frausing viser fram kupeen i ein elektrisk Ford Mustang Mach E GT. Foto: Roger Oldeide

Noko anna som er nytt for bilforhandlaren på Langesethøgda, er at dei skal vise fram eit ekstra bilmerke i år.

– I tillegg til Subaru og Ford, vil vi også få vise fram den nye el-suven frå JAC, seier Frausing som stiller i ein Ford Mustang Mach E GT.

– Det handlar om elbil

Konkurrenten nede i sentrum er på plass i ein elektrisk Wolkswagen ID Buzz.

Nybil: Jan Karadas viser fram kupeen i ein elektrisk Volkswagen ID Buzz. Foto: Roger Oldeide

– For oss er det elbil det handlar om, spesielt på personbilmarknaden. Det viktigaste er å få vist fram utvalet av både personbilar og nyttekøyretøy, så kan det jo bli eit og anna sal også. Vi selde bil på standen under Motorfestivalen i fjor, fortel Jan Karadas ved Volkswagen – Skoda- og Audiforhandlaren Berge & Co si avdeling i Stryn.