– Vi er heilt avhengige av eit godt samarbeid om sikkerheit, og det er heilt nødvendig å vere konsekvente på at alle føl reglane, om vi skal få lov til å ha parade, understrekar Torunn Egge.

Til å få tårer i augene av

Forventningsfull mumling blant publikum som står tett i tett langs hovudgata i sentrum. Så høyrest duren i det fjerne.

– No kjem dei! seier nokon. Og så dundrar dei gjennom sentrum. Nypolerte storbilar på rekkje og rad. Stolte storbilsjåførar. Yrkesbrør- og systrer som har dette som eitt av årets store høgdepunkt.

Torunn Egge, storbilansvarleg under festivalen, har sjølv køyrt i paraden dei siste åra. Og det er stort, seier ho.

– Det betyr så mykje at folk stiller opp og gjer stas på paraden. I fjor var det jo første året etter covid, og det var heilt rørande å køyre og sjå kor mykje folk som sto langs løypa. Det var til å få tårer i augene av, seier ho.

Folkefest: Motorfestival betyr folkefest i gatene, og ekstra stas er det med storbilparaden. – I fjor, første året etter koronapausen, var det så ein fekk tårer i augene, seier Torunn Egge, som i tillegg til å vere ansvarleg for storbilutstillinga også køyrer sjølv i paraden. Foto: Jørn Sønsterudbråten

Samlast på Hjelle

Under storbilparaden går turen opp til Hjelle i Oppstryn, der alle blir samla før dei set kursen mot sentrum. Dermed unngår ein det som vart det store problemet då bilane berre køyrde eit stykke oppover bygda og snudde ved Scania. Ettersom festivalen vaks vart det til at det framleis var storbilar på veg oppover då dei første snudde og sette kursen nedover. Slikt blir det fort trafikkaos av.

No går turen heilt til Hjelle, der alle stoppar før dei køyrer nedover mot Stryn igjen.

– Det har fungert veldig greitt, seier Torunn Egge.

– Vi får køyrt eit stikke, og der oppe er det så romsleg at vi får samla alle før vi startar på returen.

Kjem til å stoppe bilen

Bak paraden ligg det nøye planlegging og mykje logistikk. Arrangørane understrekar at dei også er heilt avhengige av at alle føl spelereglane.

Køyre- og kviletid må overhaldast, og sikkerheitsbelte må brukast.

– Og det er absolutt ikkje tillate å ha fleire i førarhuset enn det bilen er registrert for. Vi har ikkje rom for at nokon tøyer trafikkreglane. Ser vi at det er fleire i førarhuset enn det som er lov, kjem vi til å stoppe bilen og krevje at overflødige passasjerar går ut, seier Egge.

– Elles får dei berre parkere bilen!