Store delar av abonnentane til Fjordingen får dessverre ikkje dagens avis, fredag 3. november, i postkassa til vanleg tid.
Årsaka er utfordringar med distribusjonen til følgjande område: Loen, Olden, Blakset og Hornindal.
– Det kan vere at også andre abonnentar ikkje får avisa på dagen, utan at vi har full oversikt. Dette er berre å beklage, seier marknadssjef Ove Andre Aarskog.
Vi minner om at dei som har abonnement på papiravisa også har tilgang til e-avisa.