Haldor Hove har teke kontakt med fylkeskommunen og bede om stønad til etablering av hurtigladestasjon for el-bilar ved Kjøs bru.
- Eg er eigar av el-bil sjølv, og eg interesserar meg for utvikling generelt og el-bil spesielt, seier Hove.
EL-39
Fylkeskommunen har tilgjengeleg 400.000 kroner til bruk på nettopp slike hurtigladestasjonar, gjennom prosjektet El- 39. Dette er ei satsing i regi av Vestlandsrådet kor ein vil gjere det muleg å køyre frå Trondheim til Stavanger med el-bil.
Men Hove har fått avslag på sin henvendelse til fylkeskommunen.
- Eid, Førde, Skei og Florø er dei som er peika ut som søkjarar. Dette fordi dei ligg langs E 39, og vi har eit fylkestingvedtak om at vi skal følgje opp planen om EL-39. For å kunne køyre strekninga Stavanger- Trondheim lyt det vere ladepunkt for minimum kvar tiande mil. For å dekke Sogn og Fjordane er det desse punkta som er peika ut, seier Ylva Torillsdotter Tyssing hos Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Lyt prioritere
Hove på si side meiner usikkerheita ikring framtidig E 39 trasè burde tale for at ein såg vidare enn desse fire punkta.
Tyssing hos fylkeskommunen ønskjer søknad velkomen i ein seinare fase.
- Dessverre har fylkeskommunen relativt lite pengar å bruke på dette, difor må vi prioritere å få på plass ein grunnstruktur i fylket. Men i ein seinare fase vil andre punkt bli prioritert, men først med vekt på pendlaraksar. Difor er Florø med i denne runden. Målet på lang sikt er at alle i fylket skal bu omlag fem mil unna eit hurtigladepunkt, seier Tyssing.
Rosar initiativet
Ho held også fram at dei som søkjer må stette krava til Transnova, og at dei set strenge krav til mellom anna plassering.
- Det lyt vere eit minimum av tilgang på toalett, kiosk, butikk og liknande for å stette desse krava, seier ho. Tyssing rosar derimot initiativet frå Hove.
- Det er flott at ein ønskjer etablere eit hurtigladepunkt, for vi treng alle dei punkta vi kan få i fylket, seier ho, og oppmodar Hove om å søkje Transnova om støtte.