For første gong skal Sogn og Fjordane stille med eige lag tildet TV-programmet QuizDan. Om du er glad i å delta på quiz og har lyst til å prøve å kvalifisere deg, så får du sjansen på delfinalen torsdag 18. september. Denne vert arrangert på Eid.
- Vi tek sikte på åfinne dei aller beste quizentusiastane frå Nordfjord denne kvelden.Vinnarlaga her vil få høve til å reise til den storefylkesfinalen i Førde 26. september, fortel prosjektleiar forQuizDan i NRK Sogn og Fjordane, Geir Bjarte Hjetland i ei pressemelding.
Underfylkesfinalen i Førde kjem Dan Børge Akerø og medarbeidarane hans for å finne dei aller beste innan allmennkunnskap i Sogn ogFjordane.
- Vinnarane i dei ulike delfinalane i fylket harførsteprioritet til å få vere med denne kvelden, men også andre kanvere med å tevle om ein av dei ettertrakta plassane på fylkeslaget.Opptaka til QuizDan på TV vil skje seinare i haust, seier Geir Bjarte Hjetland.
Aldersgrensa for å vere med er sett til 18 år, er det ingen spesielle krav til deltakarane.
Dei ulike delfinalane blir skipa til iSogndal, Hermansverk, Høyanger, Førde, Florø og Nordfjordeid.