Det vart ein stor dag i Holmenkollen for familien Bø i går.

- Dette er det beste skiskyttarrennet eg har sett! seier eldstebror Rasmus Endre Bø til Fjordingen, og legg til:

- Og eg har sjeldan sett Tarjei og Johannes SÅ glade!

Det var eit enormt "trøkk" i Holmenkollen under herrestafetten, der det norske laget med brørne Bø tok VM-gull.

- Det hadde vistt ikkje vore meir folk i Kollen sidan OL i 1952, og det kokte blant 30 000 på tribuna! seier Rasmus Endre Bø.

Han hadde enno ikkje fått snakka med brørne etter sigeren då Fjordingen var i kontakt med han.

- Vi har ikkje fått snakka med dei enno, men håpar å treffe dei etter premieseremonien, fortalde han.

I dag går siste distansane i VM, fellesstartane.  Her skal dei 30 beste i verdscupen gå.