Anders Fannemel er ein storflygar av rang. I februar i fjor flaug han lengst av alle i Vikersund og sette verdsrekord med 251,5 meter. Deretter reiste han rett til VM i Falun der det norske hopplandslaget tok gull i storbakken. Den hendinga var stor, ikkje minst fordi det var lenge sidan sist Norge klatra heilt til topps i nokon lagkonkurranse i VM.

Søndag tok Anders sitt andre VM-gull, denne gong i skiflyging i Kulm. Og som einaste attverande av laget som tok gull i Falun i fjor.

To VM-gull på to år, i tillegg til å inneha verdas lengste skihopp, er prestasjonar det står utruleg stor respekt av. Og som gjer ikkje berre Hornindal, Nordfjord og fylket stolte, men heile nasjonen.

Anders Fannemel er ein beskjeden kar som ikkje slår om seg med store ord og fakter. Dessutan er han sjølvkritisk der han heile tida ser etter forbetringspunkt. Denne sesongen starta meir labert enn Anders hadde håpa på. Ikkje minst vart verdscuprenna i Lillehammer ein nedtur. Innsatsen i den tysk-austerrikske hoppveka var betydeleg betre og signaliserte ein skihoppar på veg opp.

Sjølv var Anders misfornøgd med 7. plassen individuelt i skiflygings-VM. At han fekk grønt lys for å setje utfor på tredjehoppet sitt med dei forholda som var i bakken akkurat då, kan ha kosta han ein betre plassering. Desto meir gledeleg var det at heile det norske laget leverte solid innsats og førte Norge heilt til topps i lagkonkurransen. Anders leverte to solide hopp på høvesvis 213,5 og 217 meter. Med det fauk han nest lengst av dei norske både i første og andre omgang.

Ikkje berre heldt laginnsatsen til gull. Sigeren var den mest suverene i VM-historia. Tyskland på 2. plass var over 110 poeng bak Norge. Det kallast kort og godt utklassingssiger. Laggullet var vel fortjent for fire dyktige skiflygarar og eit landslag som gjer veldig mykje bra.

Gratulerer med ditt andre VM-gull, Anders!

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør