Tilbake til frammøtet «på dampen». Landgangen er lagd ut frå mellomdekket halvt akterut. Postmannen med sin postsekk er førstemann om bord. Fylkesbåtane var postførande. Dei hadde overteke etter dei postvegsfarande postbøndene. Det var både avsending og mottak. Så slik var oppmøtet på bryggja for ein stor del folk som ”venta på posten”. Posten blei raskt sortert på posthuset like oppe i vegen, der folket etterkvart samla seg i den bratte og lange betongtroppa og venta på at han Valdemar skulle opne glaset og rope opp mottakarane, brev for brev, avis for avis. Eit særfenomen i landssamanheng!
Nyfikne
Nede ved båten var publikumet nyfikne på kven som kom over landgangen. Det var jo krigstid dette, og ein visste ikkje. Kanskje framande personar, alle slike fekk mistanke, ja, jamvel tyske soldatar kunne dukke opp.
Det var også interessant å fylgje med kva som kom opp frå lasterommet og det som skulle andre vegen. Og for oss gutungane å fylgje med på manøvreringa av vinsjebommen, dette spelet med taua og alle rørslene her. Dette var stor teknikk for oss, tenk om ein hadde noko slikt å leike med! Krøter heisa ein om bord hengande i buk-selar eller ”segl” som dei kalla det. Mest hestar, men også kyr og sauer. Ja, nokre gongar jamvel ”olme” uksar, og dette var skummelt. Då fann ein det tryggast å halde seg oppe på fjellkanten bak. Sjølv lastebilen til ”Steinseten” blei heisa om bord så mang ein gong
Polpakkar og fløtt
Og så var det noko som heitte ”fløtt”. Det var påslag på frakta som godtgjersle til ekspeditøren. Han skulle sjølvsagt også ha betaling. Dei eigde bryggjene og stod på med eks-pedering både seint og tidleg, både med varer og båt.
Polpakkar frå Bergen var ei sær sak. Ikkje alle var like begeistra for å la desse gå gjennom staden sin ekspedisjon. Det var som å ”åpenbare” seg offentleg. Alle kjende jo alle og butikkekspedisjonen var ofte full av folk etter båtavgang. Derfor vart det ofte, for Blaksæter sin del, at desse sendingane blei adressert til Faleide. Mottakarane måtte då gå fjellet for å hente varene der. Så kom dei gjerne tilbake med båten på utgåande. Med ein jutesekk under armen. Jau, det var tider!Ein har nemnd fløtten. Det var ikkje uvanleg (ikkje på Blaksæter) at ekspeditøren skulle ha dette ”gebyret” i form av ein skrukork-munnfull av flaska direkte på staden. Veldig praktisk. Naturalia, kallar ein det.
Mono og kyrkjebåtar
Like vestom Blaksæter kai låg ”Hatleim-støda”. Her hadde Ragnvald Roset sin første butikk i andre lavhøgda på det gamle hovudnaustet! Naustet fekk namnet ”Mono” fordi det i si tid bar reklamebokstavane MONO med stor, gul skrift på gavlveggen under vindauga. Bokstavane stod i lang tid etter at butikken blei flytta til meir laglege lokale. Dei fall vel tilslutt ned av seg sjølve. Teiknekunstnaren Erling Solheim har teikna nausta både med og utan bokstavane MONO. Sjølv var eg nyfiken tilstades då han teikna motivet første gongen då på 40-talet. Han var jo bryggjar som også eg opphaveleg var, og godt kjend med vår familie.
Her i støda låg robåtane. Og her leika ein mykje, og vassa i sjøskvulpet, det var alltid godt og lunka sjøvatn her i stød-målet. Ja, dette var ein herleg leikeplass, vi sa berre ”ute med- eller nede med Mono” Berre nokre meter vestafor kom ein til ei anna stø: ”Blaksetnausta”. Med fin badeplass med varme svaberg. Her i ”Nyenaustet” låg, som i dag, kyrkjebåtane. Dei store fem-keipa robåtane til kyrkjebruk som ein rodde over fjorden med. ”Rodulf”, var båten til Roset og Ulvedal, ”Håkon” var båten til midtgrenda. Dei er enno sjødyktige, men nå nytta berre ved spesielle høve. Meir om kyrkjereiser i Del 4.
Barndomsminne:
Kåre Jens Nygård fortel i desse artiklane om barndomsminne frå oppveksten ved sjøen på Blakset.
Den første serien i artikkelen stod på trykk 22. desember
Andre del stod på trykk 5. januar
Dette er tredje artikkel i serien, som stod på trykk fredag 8. januar
Fjerde artikkel i serien stod på trykk fredag 15. januar