For dei som måtte vere i tvil: Anders Fannemel er gullkandidat i helgas VM i skiflyging i Kulm.

Under torsdagens kvalik smelte han til med 233 meter -det suverent lengste hoppet av alle.

- Eg fekk til det eg prøvde på. Då eg kom over kulen med masse luft og fart smalt det i heile kroppen og bakken forsvann, smilte Fannemel i NRK-intervjuet etterpå.

Peter Prevc, som overbeviste stort i treningsomgangen tidlegare på dag med 235 meter, slo kraftig av i kvalifiseringa. Men til liks med fleire andre av dei forventa beste leid han under dårlegare forhold i bakken.

No gjeld det å prestere godt over fire omgangar. 1. og 2. omgang blir avvikla fredag, før verdsmeisteren blir kåra etter den 3. og 4. omgangen laurdag. Søndag er det lagkonkurranse der også sjansane for medalje burde vere gode etter jamt god innsats av dei norske i dagens kvalifisering.