- Politiet beslagla i dag eit førarkort etter det dei oppfatta som "grov uaktsom køyring" i Stryn sentrum der føraren ikkje hadde full kontroll på det som framstod som burning eller sladding. Forseelsen skjedde i 15.30-tida, og det var vitneobservasjon som gjorde at politiet kom til staden, får vi opplyst ved operasjonssentralen i Sogn og Fjordane.

- Politiet kom raskt til sentrum og vurderte situasjonen slik at førarkortet måtte inndragast, blir det opplyst.