Tor Martin Kandal frå Stryn er utteken til å representere Norge i EM i Dynamisk pistolskyting.

- Å bli teken ut til landslaget til eit slikt stemne så tidleg i karrieren er for meg sjølvsagt kjempestort, og ein god bekreftelse på at alle treningstimane har gjeve resultat, seier Kandal. EM finn stad i Ungarn 2.-8. oktober.

Forventar krevjande baner

– Ut frå det eg veit vert årets EM delt opp i 24 ulike baner, eller stages. Ein må skyte ca 460 skudd for å fullføre alle banene og stemnet går over 4-5 dagar. Kva dei forskjellege banen vil innehalde av utfordringar er førebels uvisst, men sannsynlegvis vil vi møte på krevjande baner med swingers (mål som beveger seg), No-Shoots (mål som gjev minuspoeng ved treff, og som ofte dekker større eller mindre deler av det målet vi vil treffe), mål på lange avstander, og mål som må skytast frå krevjande posisjonar- til dømes ein plattform der utøvaren må balansere medan han skyt, forklarar Kandal.

For å stille best muleg rusta er det ein ting som gjeld.

– Enkelt og greit  berre skyte så mykje som råd. Mykje trening og mange stemner håpar og trur eg er nøkkelen til suksess, seier Kandal.