Kulturdagen på Nordsida søkjer etter eit par som vil gifte seg som ein del av arrangementet til sommaren.

Sidan tema for Kulturdagen på Nordsida søndag 3. juli er gammalt bondebryllup, går arrangøren no ut for å få tak i eit par som går med gifteplanar.

– Vi ønskjer å kome i kontakt med nokon som kan tenkje seg å gifte seg denne dagen. Dei kan vere gamle eller unge, men brura må ha langt hår, på grunn av festing av kruna, seier Kristian Solvang for arrangøren. Dei ser føre seg eit ekte bondebryllup som første del av dagen. Krunebrur og pynta brudgom i Nordsida kyrkje, med gamal prestekjole og liturgi. Delvis hest og kjerre til Sagedammen etterpå. Der ventar langbord med servering av graut, song, dans og gamle bryllupsskikkar. Viss nokon er interessert, ta kontakt med Kristian Solvang eller leiar Ann-Iren Ulvedal i nemnda.