Ein gjest på Hogrenning feriehytter tok bilde av lågtflyginga.

Filmteamet som engasjerte Bergen Helikopter AS, beklaga hendinga.

Lågtflyginga skjedde under opptak til ein reklamefilm som sist veke vart innspelt på Breng seter i Lodalen. Tysdag i 18-tida kom eit helikopter rundt Helsetneset og gjekk lågt innover Hogrenningssetra før det tok fatt på lågtflyging langs strandkanten mellom Hogrenning feriehytter og Hogrenning gard. Ifølgje Jan Ove Hogrenning skjedde dette to gongar.

- Helikopteret flaug berre to -tre meter over vassflata. Dette var til stor sjenanse for folk på hyttene og garden. Men aller verst for dei hundre geitene som beita i området, fastslår Jan Ove Hogrenning.

Fjordingen kontakta Bergen Helikopter AS som utførte flyginga på oppdrag frå filmselskapet.

- Vi har dispensasjon til å drive lågtflyging i samband med filminnspeling og fotooppdrag. Men i dette tilfellet reagerte piloten på at der var beitande dyr i området. Han sette ned helikopteret og spurde om filmteamet hadde innhenta løyve frå grunneigarane. Filmteamet la seg flate over at det ikkje var gjort. Dei beklaga dette overfor grunneigaren og piloten avslutta flyginga, fortel Krister Blomsø i Bergen Helikopter AS.

Les meir i papirutgåva

Jan Ove Hogrenning var redd for at kasjmirgeitene skulle bli skremde på Lovatnet. (Foto: Inge Fænn)