Eit samrøystes fylkesting har i ettermiddag vedteke same løysing for rv 15 Strynefjellsvegen som Stryn formannskap vedtok måndag. Dermed går fylkestinget inn for ny tunnel frå Skjerdingsdalen til Lægervatn, og ny tunnel parallelt med Ospelidtunnelen frå Skjerdingsdalen ned mot Videseterkrysset. Fylkestinget ønskjer å behalde dagens veg vidare ned til Skåre, og seier dermed nei til å byggje ny, lang tunnel mellom Skjerdingsdalen og Skåre.

Både Stryn kommune og fylkestinget har dermed gått i mot tilrådingane frå samferdsleutvala i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samt tilrådinga frå selskapet Gode Vegar AS. Alle desse instansane ønskte lang tunnel mellom Skjerdingsdalen og Skåre.

Alle partar er likevel samde om at strekninga Lægervatnet-Skjerdingsdalen må prioriterst først. I vedtaket frå fylkestinget heiter det at "i staden for å bruke over 400 millionar kroner til avbøtande tiltak og midlertidig rassikring i Grasdalen, krev fylkeskommunen at desse midlane inngår i finansiering av ny tunnel mellom Lægervatnet og Skjerdingsdalen".

Når det gjeld sikring av fv. 63 med arm frå rv. 15 til Opplendskedalen/Geiranger i Møre og Romsdal, ber fylkeskommunen om at det vert lagt best mogleg til rette for dette.

Det er Staten som endeleg bestemmer kva løysingar som vert valde for rv. 15 Strynefjellet.