Dei næringsdrivande og leiinga i Stryn Torg vil endre køyrekulturen på Stryn sentrum sin største parkeringsplass. Tysdag kveld var Jan Reed i Stryn Vaktmester Service i sving med å markere køyreretninga ved å måle piler på asfalten.

- Vi har ikkje hatt store problem før heller, men no skal vi gjere det tryggare for alle og syte for ein betre trefikkstraum på dagar med stor trafikk der mange skal inn og ut på same tid. Det skal bli spennande å sjå korleis det fungerer, om det er muleg å endre på gamle vanar, seier senterleiar Victoria Øvstetun.

- Korleis er trafikken elles for handelsbedriftene?

- Det er ingen tvil om at dårleg har negative konsekvensar for dei aller fleste varegrupper. Difor har juni månad vore dårleg samanlikna med same månad dei siste åra. Vi får berre tru at finevert kjem. Både laurdag og måndag såg vi kva fint ver betyr, seier Øvstetun.