Ein ungdom frå indre Nordfjord vart fråteken førarkortet etter at strynepolitiet målte farta til 77 km/t i 50-sona ut av sentrum onsdag kveld. Politiet utførte kontrollen ved gjennomsnittsmåling, og vedkomande sjåfør vart stoppa rett før kl 23.00 på kvelden, opplyser politiet.

Sjåføren kan rekne med å vere utan førarkort i tre-fire månader, i tillegg til å måtte betale førelegg.