– Agora er ei familiebedrift, og det er stas at barnebarna er med. Også ei niese av meg er med i år, fortel Jan Ketil. 8. mai inviterer direktøren frå Eid til cirkus i Hornindal, 9. mai i Stryn. Sjølv har han hoppa ned av lina, men stiller likevel opp med sitt vekjente koppenummer, alltid like imponerande.

– Og sidan det i år er 250 år sidan oppfinninga av det moderne cirkus, fortel eg nokre historier og set det vi held på med inn i eit perspektiv, seier han.

– Stikkord elles for årets cirkusmeny?

– Luftakrobaten Sandra er svært dyktig. Ho var med i fjor også. Elles er alt nytt. Vi har ein ung og dyktig trampolineartist og eit artig hundenummer som barnebarnet mitt plukka ut. Vi har morsomme musikalske klovnar frå Spania og ein sjonglør som debuterte for oss i 2006, som 15-åring. No er Toni Garcia tilbake der det starta, sjonglererande med åtte ballar.

Ponnynummeret vårt er populært og vi har ein veldig god rockering-artist. Fotsjongløren Irena må opplevast, ikkje minst av alle som er glad i fotball. Her er garantert mykje for ein kvar smak, seier Jan Ketil Smørdal.