Hildegunn Skår (23) er ei ung kvinne frå Stryn som har vore politisk engasjert i mange år. For augneblinken har ho ikkje politiske verv, men har tidlegare vore aktiv i AUF og Ap i Stryn.

Skår, som for tida arbeider som lærar på Sula på Sunnmøre, meiner kvinnedagen først og fremst gir ei viktig stemme til undertrykte kvinner.

- Kvinnedagen er først og fremst med på å gje ei stemme til alle dei kvinnene i verda som lev i undertrykking og ikkje har rett til utdanning. I Noreg er vi priviligerte som har eit såpass likestilt samfunn, og dette er viktig at vi ikkje tek for gitt, seier ho.

Kvinnedagen stod også på timeplanen ved skulen der Skår underviser.

- Vi har markert den på jobb i klasserommet med elevane. Forklart dei at vi lev i eit likestilt land, men at det framleis er ting vi kan gjere betre. Og sjølvsagt forklart dei at ikkje alle er like heldige som oss.