Stortingspolitikar Tove Karoline Knutsen fekk nærast hakeslepp då ho under eit møte om Volda sjukehus førre veke fekk høyre at akuttpasientar frå dei næraste nabokommunane i Nordfjord som hovudregel vert køyrd i ambulanse til Førde i staden for til Volda, fordi dei tilhøyrer Helse Førde og ikkje Helse Sunnmøre.«Er det sant at pasientar til dømes ved trafikkulukker i Nordfjord ikkje vert køyrde til Volda fordi ein då køyrer inn i eit anna helseføretak», ville Tove Karoline Knutsen vite. Svaret ho fekk stadfestar at slik er det svært ofte.«Slik kan det ikkje vere. Dette er både uhaldbart og uakseptabelt. Det må vere medisinske vurderingar og ikkje helseføretaksgrensa som avgjer kvar ein pasient skal få hjelp», seier Knutsen.

Det har ho sjølvsagt rett i. Når storsamfunnet bruker milliardsummar på å byggje nye vegar som til dømes Kvivsvegen, er det ikkje anna enn logisk å følgje opp med å ta i bruk dei fellesgode som finst på begge sider av gamle etablerte grenser.Å etablere samarbeidsavtale som tillet innbyggjarane i Nordfjord å bruke Volda som kirurgisk akuttsjukehus, handlar om å ta pasienten på alvor og setje innbyggjarane sine behov framfor økonomiske interesser til det enkelte helseføretak. Helse Midt-Norge har allereie lang erfaring i denne type avtale. For Helse Nord og Helse Midt-Norge har heilt sidan sjukehusa var eigde av fylkeskommunane hatt avtale som sikrar at innbyggjarane i Bindal kommune i Nordland får bruke Namsos sjukehus i Nord-Trøndelag som sitt sjukehus.

Årsaka til avtalen for Bindal er sjølvsagt avstand og geografi. For innbyggjarane sør i Nordland er det kortare å reise til Namsos i nabohelseføretaket enn til Sandnessjøen i eige føretak. Så enkelt. Slike samarbeidsavtalar i grenseområda mellom helseføretaka må vere sølvsagte. Helseminister Bent Høie gjer lurt i snarast å oppmode partane om å etablere slik avtale. Då sikrar han innbyggjarane best mogleg akuttilbod nær der dei bur, samtidig som kirurgisk akuttberedskap ved Volda vert styrka i form av fleire brukarar.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør