Uhellet skjedde like aust for Sindre i Markane, der det pågår legging av asfalt med kolonnekøyring og manuell dirigering. Ein bil som kom frå Stryn, klarte ikkje å stoppe seg. Han køyrde først inn i bakerste bilen i den ventande kolonna og traff deretter fronten i bilen som kom i motsett køyreretning.

To av bilførarane vart tekne med til lege, men ifølge politisentralen i Florø er det ikkje snakk om alvorlege skader.

Trafikkuhellet resulerte i at rv 15 mellom Øyebakken og Hatledal-avkøyrsla var stengd i ein time.

Politiet var raskt på staden og føretok oppmåling etter kollisjonen der tre bilar var innblanda. Foto: Inge Fænn