I framlegget til 2013-budsjett legg regjeringa opp til ei sterk satsing på E39 gjennom vårt fylke og vidare nordover. 55 millionar kroner går til fullfinansiering av Kvivsvegen. På strekninga vidare i retning Volda er det løyvt 218 millionar kroner til Hjartåberga. Prosjektet omfattar rassikring ei åtte kilometer lang strekning, mellom anna den 3,5 kilometer lange tunnelen i området, og skal stå ferdig i oktober neste år. Også på strekninga frå Geitvika (endepunktet for Kvivsveg-prosjektet som nyleg vart opna) og til Årset (der nyanlegget i retning Hjartåberga startar) er det sett av midlar i 2013.

I Sogn og Fjordane blir E39 tilgodesett med ein god del midlar både i Sogn og Sunnfjord. I Nordfjord blir ombygginga av Anda ferjekai sluttfinansiert med ein sum på 10 millionar kroner. Til gang og sykkelveg på strekninga frå Nordfjordeid til Hjelle, er det avsett 24 millionar kroner.

På riksveg 15 blir parsellen Stryn sentrum - Rise bru sluttfinansiert med 19,5 millionar kroner på 2013-budsjettet. Både denne parsellen og arbeidet på Anda ferjekai blir fullført i haust. Når det gjeld arbeidet som pågår i Strynefjellstunnelane, så er det fullfinansiert på inneverande års budsjett. Til trafikksikring mellom Stårheim og Deknepollen er det løyvt 9 millionar kroner i framlegget til 2013-budsjett.