I samband med fakkelstafett-arrangementet til Ungdoms-OL som finn stad i Stryn neste fredag, kjem ein tidlegare OL-helt til bygda for å ta del i den historiske hendinga.

Nokre heldige utvalde får også trene saman med gullmedaljøren i alpint frå OL i Albertville, Salt Lake og Torino - Kjetil André Aamodt. Det er idrettsklasseelevane og ei klasse ved studiespesialiserande som får gleda av å ha ein olympisk meister som trenar fredag ettermiddag. Då står basisøkt på programmet.

På kvelden blir det fakkelstafett og tenning av ungdoms OL-elden, ved bla.a. Lorentz Fannemel. Hopptrenaren frå Hornindal IL var ein av 19 fylkesvinnarar som var nominerte til prisen Årets eldsjel.