Dagens kamp mellom Stryn og Sogndal 2 i 3. divisjon fotball var ikkje meir enn sju minutt gammal då det vart stans i spelet på grunn av skade.

Denne gongen var det dommar Jonny Skjerven frå Kaupanger som måtte kaste inn handkleet på grunn av strekk.

Kampen vart sett i gang etter berre to-tre minutt pause.  Andreas Sandal forlet linja og tok over dommarfløyta, medan Tom Edvinsen steppa inn som linjedommar.