Bottolv Grodås og Kjetil Grodås har i uttale til reguleringsplan for Grodås sentrum fremja forslag om helikopterplass ved Hornindalsvatnet, nærare bestemt på området ved bankbygget.
- Eg meiner det er viktig at vi som ein del av sentrumsplanen, får lagt til rette for etablering landingsplass for helikopter/luftambulanse. Plasseringa som vi foreslår, vil gje ei sikker rute til og frå Grodås, seier Kjetil Grodås som sjølv er helikopterpilot.
- Kva med å leggje landingsplassen på parkeringsområdet bak bensinstasjonen?
- Det er ikkje noko godt alternativ på grunn av høgspentlina og andre ting som er etablert i dette området. Ein landingsplass på tomta ved banken vil vere ideell plassering både i høve til helsesenter, sjukeheim, hotell og andre sentrumsfunksjonar, meiner Kjetil Grodås.