Tusen takk for fantastisk spenning og underhaldning som stod til gull, Johannes Thingnes Bø! Betre avslutning på eit fantastisk skiskyttar-VM kunne vi ikkje ønske oss.

Etter å ha starta VM med bronse i mix-stafetten  saman med blant andre storebror Tarjei, vart det stang ut for Johannes på dei tre individuelle konkurransane. Tre fjerdeplassar fortel om ein utøvar i verdstoppen, men som aldri ville fylt historiebøkene fordi han ikkje nådde pallplass.

Også storebror Tarjei som sjølv presterte dårlegare individuelt, håpa intenst at Johannes skulle få oppleve å ta individuelt gull. Opptakta vart gjort laurdag på stafetten, der Tarjei gjekk ein solid 2. etappe og Johannes ein glitrande tredje etappe. Saman med Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen sikra Bø-brørne eit velfortjent og etterlengta stafett-gull til Norge.

Men Norge mangla framleis indviduelt gull blant herrane. Den som var mest klar for det av alle, var Johannes. Han og Martin Fourcade var hardaste konkurrentar, med senior Ole Einar Bjørndalen hakk i hæl. Meir spenning enn dei tre karane baud publikum søndag, har ingen godt av. Det var direkte smertefullt å sjå siste delen, frå fjerde skyting og inn. Måten Johannes henta inn Fourcade sitt ti sekunds forsprang på etter siste skyting, var imponerande. For ikkje å snakke om måten han passerte franskmannen og kontrollerte mot mål. Dette var i særklasse beste sportsunderhaldning vi kunne få. På grensa til helsefarleg.

Johannes fekk dermed entre kongetribuna for andre dag på rad. Der han fekk kong Harald og heile landet til å skratte med følgjande kommentar: «Når eg såg deg stå her oppe, måtte eg vise at det ikkje er Fourcade som er kongen her. Det er du». Ein kommentar som vil bli hugsa lenge. Og som kallar fram smilet både med tanke på prestasjonar og humør i VM-sirkuset.

Takk til Johannes, Tarjei og alle andre som gav og skapte ekte idrettsglede i eit fantastisk VM!

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør