- Vi er svært interessert i innspel på utbygging av breiband i Stryn kommune. Det gjeld både frå enkeltpersonar, verksemder og lag/grupper som har synspunkt i forhold til oppsett rekkefylgje, tal abonnentar eller dekningskartet. Vi ønskjer at innspela kjem snarast råd og seinast 15. april, seier Johnny Hove til Fjordingen.
I statsbudsjettet for 2016 er det løyvd 126,5 mill. kroner til stønadsordninga for finansiering av breibandutbygging i område der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut breiband.
Den føreliggjande prioriteringa i Stryn ser slik ut: 1. Markane/Robjørgane/Sætren 100 potensielle abonnentar, 2. Olden/Eide/Skarstein, Naustbakkane/;Muristranda 150 abonnentar, 3. Fjelli/Ulvedal/Blakset 115 abonnentar, 4. Rand/Hopland 36 abonnentar, 5. Innvik 101 abonnentar, 6. Utvk/Tistam 77 abonnentar.
- Kva skjer etter høyringsrunden?
- Då vil kommunen sende tl fylket/NKOM. Fristen her er 20. april. Deretter gjenstår å sjå kva område som blir prioritert i 2016, seier Johnny Hove. Som legg til: - Det er er svært ønskjeleg at bygdelag/grupper går saman, slik vi har gode erfaringar med andre stader i kommunen der det gjennom dugndsprosjekt er bygt ut breiband. For gjennomføring av utbyggingsprosjekt er det viktig at grendalag tek aktivt del i planlegging og gjennomføring. I samband med søknadsarbeidet inviterer kommunen verksemder og innbyggjarar til snarast å kome med innspel til utbyggingsplan.
I