Sivert Sande fekk full tilslutning då han fremja fylgjande tilleggspunkt i årsrapporten til Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

"Rådet sine medlemmer har inntrykk av at det vert teke llite omsyn til  Rådet sine innspel og meiningar når det vert gjort vedtak i kommunale organ."

Årsrapporten till Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne skal opp til handsaming i kommunestyremøtet 31. mars. Der går det fram at dei har handsama totalt 51 saker.

- Rådet har hatt mange viktige saker å ta stilling til/og uttale seg om i året som gjekk, og har gjeve sine bidrag til den politiske avgjerdsprosessen. Rådet føl godt med på saker og utfordringar innanfor helse- og sosialsektoren og kjem med formeiningar og innspel når det er akuelt. Dei set til ein viss grad saker på dagsorden sjølv. Rådet er aktive med å gje innspel og uttale til kommunale planar som er under arbeid, heiter det i årsrapporten. Der det blir konkludert med at deira innspel vert tekne lite omsyn til i vidare sakshandsaminga.

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne har desse medlemmene: Harald Ekroll (leiar), Dagmar Nesdal, Helma Krumsvik, Karin Aaning (nestleiar), Ragnhild Liv Lunde, Sivert Sande og Astrid Hoffart.