Hornindal har flestlottomillionærar pr. innbyggjar her i fylket, nærare bestemt 4,17 pr. 1.000 innbyggjarar, viser tal frå Norsk Tipping. Totalt har fem personar, ei kvinne og fire menn, vunne milliongevinst i spelet.  I den andre enden av statistikken finn vi Balestrand, der det enno ikkje er nokon som har vunne milliongevinst i Lotto.Også Stryn har fem lottomillionærar, ei kvinne og fire menn. Dette utgjer eit snitt på 0.7 pr. 1.000 innbyggjarar, opplyser Norsk Tipping.