Svein Nesje frå Stryn vart i går tildelt Folkemusikkprisen i Sogn og Fjordane.

Prisen vart delt ut av dagleg leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag, Ingrid Heieren, under fylkeskappleiken i Kjølsdalen.

I grunngjevinga for tildelinga av prisen vart det trekt fram at Svein Nesje har svært lang fartstid med arbeid for folkemusikken i fylket, både som utøvar og som organisator, og at han har berga mange slåttar frå å forsvinne ved å ta vare på ukjentnotestoff frå handskrivne samlingar. Han er også dyktig til å arrangere folkemusikk.

Det vart også trekt fram at Svein Nesje har lang fartstid som dommar, både påfylkeskappleikar, vestlandskappleikar, distriktskappleikar oglandskappleiken, og i arbeid for organisasjonane. Han har vore leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag, nestleiar ilokallaget og aktiv musikar i fleire lag og grupper i Nordfjord.

Svein Nesje starta tidlegmed fela og stilte i unge år opp på kappleiken som Nordfjordspelemannslag arrangert i Stryn. I tillegg til fele og hardingfelespelar han også klarinett og var klarinettist både i Strynmusikklag og Stryn strykeorkester. Han song også i Stryn mannskor.På 70-talet skipa han til Stryn spel- og dansarlag som blant annaarrangerte både Fylkeskappleik og Vestlandskappleik. Etter ataktiviteten i dette laget ebba ut, var han mangårig nestleiar iSpelemannslaget Fjelljom. I hans periode som fylkesleiar stod hanfor skriving og redigering av medlemsbladet «Spelarstikka». Hanlanserte ideen om eit felemakarverkstad på Nordfjord folkemuseum ogla ned eit stort arbeid i samband med utgjevinga av notesamlingatil Rolf Myklebust. Som solospelemann kan han blant anna vise tilfyrsteplass i B-klassa på Vestlandskappleiken. Solospelet hans kanòg høyrast på CD-utgjevingane «Korri, korri» og «Song og spel iStryn». Han har vore aktiv med i fleire spelemannslag; Fjelljom,Hornindal og Eid.

Han har også vore ein sentral musikar i kjendefolkemusikkgrupper som Firdakvartetten, Bolstadensemblet ogHonndalsmusikken.

- Gruppene har mange både konsertoppdrag ogCD-utgjevingar bak seg. Her kan nemnast at den siste CDen tilHonndalmusikken vart tildelt Folkelarmprisen i klassa fortradisjonelt samspel. I 1993 var Svein festivalsjef forLandsfestivalen i Stryn. Han var også leiar av hovudkomiteen dåHornindal arrangerte fylkeskappleik i 2006. Han har også vore eidrivkraft for folkemusikkonsertane på den veglause fjellgardenEldegard. Sogn og Fjordane Folkemusikklag ser på Svein Nesje som einsvært verdig mottakar av prisen og takkar for godt arbeid gjennommange år, avslutta Ingrid Heieren, då ho overrekte prisen.

Prisen vart overrekt av Ingrid Heieren, dagleg leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag.