Halvor Flatland er ein som har trakka mykje på Ullsheim opp igjennom åra, då som skiskytterpappa for tidlegare landslagsløpar Ann Kristin Flatland frå Vik i Sogn.
- Ja, her har eg vore mykje, det vart gjerne ein eller to gongar kvar vinter, smiler fylkesdirektøren for Innovasjon Norge. Men denne gongen er han her korkje i kraft av jobben eller som pappa. Flatland sit som styremedlem i Skiskytterforbundet og har sine renn å følge opp.
- Vi fordeler renna mellom oss og det blir gjerne eit par på kvar. Då var det kjekt å få kome her til Ullsheim, seier han.
2016 er eit særleg spennande år å sitje i forbundsstyret, med eit føreståande VM i Holmenkollen.
- Eg får med meg siste halvdelen. Så eg blir der når nordfjordingane skal ta gull, smiler Flatland, og siktar særleg til herrestafetten som går avslutningshelga.