Viss du treng legehjelp på ferie i eit anna EØS-land eller Sveits, kan eit Europeisk helsetrygdkort hjelpe deg om du har kortet med i bagasjen, skriv Helfo i ei pressemelding

– Ved å vise kortet skal du få nødvendig helsehjelp på same vilkår som innbyggjarane i det landet du oppheld deg i. Du betaler også eigendel på lik linje med borgarane der, seier avdelingsdirektør Marit Winther Abrahamsen ved Helfo servicesenter.

Er du medlem i folketrygda i Noreg og statsborgar anten her eller i eit anna EØS-land, har du rett til å få Europeisk helsetrygdkort. Du søkjer enkelt om å få kortet på helsenorge.no. Der finn du også nyttig informasjon om bruk av helsetrygdkortet.

– Vi oppmodar folk til å sjekke kortet sitt, for det er unødvendig å bestille nytt før det gamle er i ferd med å gå ut på dato. Leveringstid for eit nytt helsetrygdkort er normalt 10 yrkedagar, seier avdelingsdirektøren.

(©NPK)