Niandeklassingen frå Hornindal hadde lyst å sjekke ut journalistyrket i arbeidsveka si.

– Eg valde Fjordingen fordi det høyrest interessant ut å vere journalist, seier 14-åringen, som i tillegg til å vere sportsinteressert likar ein variert kvardag og ulike utfordringar. Dermed skulle journalistyrket vere passande å prøve ut.

Aksel Sollid Seljeset likar å følgje med på kva som skjer, og han har fått prøve seg på fleire ulike saker. Mellom anna har han laga nokre sportssaker, ein reportasje frå fiskebutikken til O.L. Brekke, og han har laga sak om andre elevar som har arbeidsveke. Å legge saker ut på nett har han fått prøve fleire gonger, og litt fotografering har det også blitt.

– Eg synest at det har vore ei kjekk veke, seier han.

Om han blir journalist ein gong i framtida er for tidleg å seie, men det er i alle fall eit yrke han kjem til å vurdere.