Strynefamilien bestemte seg for å kjøpe hytte på Tonningssætra, og sommaren 2019 kunne dei ta ei nybygd hytte i bruk.
– Først meinte eg at det var heilt sprøtt å skulle ha hytte 10 minutt heimanfrå, men det er det luraste vi har gjort, seier Guddal.
– Det er ei super investering, då vi brukar hytta heile året, legg ho til.
Tett på naturen
For familien er hytta ein plass for å slappe av, og å vere mykje ute i naturen.
– Alle årstidene er fine her. Både vinteren med turløyper for langrennsski rett ved hytta, og skisenteret ganske nær, og så er det sommaren med bading i grova og fine turmoglegheiter, seier Sandbakk.
– Vi er bortskjemde med så gode løyper året rundt, meiner Guddal.
Kvalitet i kvardagen
– Kva betyr hytta for dykk?
– Hytta betyr veldig mykje for oss. Det er kvalitet i kvardagen og mange gode opplevingar. Det er ein berikelse både i feriar og i kvardagen, fortel Guddal.
– Og så betyr den at vi ikkje føler trong til å ha einebustad. Sidan vi bur i leilegheit med sameige, er hagen vår her, legg Sandbakk til.
Lågterskel bruk
Å ha hytte i Stryn meiner familien har mange fordelar. Mest av alt er det at hytta blir mykje brukt, året rundt.
– Det er veldig lavterskel bruk når hytta er så nære heime. Og sjølv om det berre er 10 minutt frå sentrum, så koplar vi av med ein gong vi kjem hit. Det blir ei heilt anna ro, seier Guddal.
Den andre fordelen fortel dei er at venner og familie enkelt kan kome på besøk.
– Så er det jo veldig fint her oppe, med ein skikkeleg sæterfølelse, seier Sandbakk.
Enkelt val å flytte heim
Både Guddal og Sandbakk har tidlegare budd i større byar i fleire år, men begge to ville heim igjen til Stryn. Då dei blei saman var det å bu i Stryn eit enkelt val.
– Vi har ikkje angra på det eitt sekund. Det er ein utruleg fin plass for ungane å vekse opp, og med mange moglegheiter til ting å finne på, både sommar og vinter. Det er òg kjekt å ha familie rundt seg, seier Guddal.