Samarbeidet mellom samvirkebedriftene Nortura, Tine og Felleskjøpet Agri veks seg stadig større. Denne veka blir seks nye Felleskjøpet-avdelingar med i satsinga, og skal selje kvalitetsmat frå den norske bonden. Ein av butikkane ligg i Volda.

Frå før har Felleskjøpet her på Nordvestlandet eit slikt tilbod ved butikkane sine i Ålesund og på Nordfjordeid.

Eit nytt steg

– Dette er eit nytt steg i vår satsing på å bygge Felleskjøpet som ein kanal der bonden også sel produkta sine. Vi er allereie den største totalleverandøren av driftsmidlane bonden treng for å produsere maten. Med denne nye utvidinga får vi enda meir av bonden sin mat ut i bonden sin butikk, seier Trond Fidje, nordisk konserndirektør for detaljhandel i Felleskjøpet Agri i ei pressemelding.

Dette er Felleskjøpet-avdelingane som frå 10. november blir innlemma i matsatsinga: Volda, Årnes, Lillehammer, Lena, Bergen og Alta.

Glede i Furene

– Vi har fått fleire spørsmål frå kundar, både bonden og den vanlege forbrukar, om når vi skal begynne med matsal. No er vi glade for å endeleg kunne invitere inn til eit enda betre tilbod i butikken, seier butikksjef Hilde Kristin Haugen ved Felleskjøpet i Volda.

Pilotprosjektet starta våren 2021 der utvalde Felleskjøpet-butikkar skulle selje kvalitetsmat frå bonden. Det var snakk om høgkvalitetsvarer frå Nortura sitt hotell- og restaurantsortiment.

Kjøtkaker, skinke og ost

Til no har mellom anna svinekjakar, kjøtkaker, velhengd spekeskinke og ekstra tjukke grillpølser vore å finne i Felleskjøpet sine utvalde butikkar.

I februar i år kom også Tine inn i samarbeidet med ulike produkt, og samtidig vart matsatsinga utvida til å gjelde enda fleire Felleskjøpet-avdelingar.