Nyhende →
Dødsulukke på Strynefjellet
Ein passasjer omkom og tre vart skadde då Møreekspressen på veg vestover med 43 passasjerar ombord køyrde utfor vegen aust for bommen ved Billingen i Skjåk i natt. Ifølgje politiet var den omkomne ein asylsøkjar på veg til Sunnmøre. Bussen køyrde utfor på høgre side, rett etter ein venstresving. Det var snø og slaps i vegbana då ulukka skjedde. Alle dei tre skadde var utanlandske statsborgarar, to franske jenter og ein rumenar. Jentene er køyrde til Nordfjord Sjukehus. Foto: Bengt Flaten