Ordførarane i Hornindal og Stryn får det travelt når dei  i løpet av januar 2015 må få sine respektive kommunestyre til å fatte vedtak om realistiske alternativ som skal utgreiast med tanke på gjennomføring av kommunereforma. Utgangen av januar er  fristen for å kunne få midlar til  utgreiingsarbeidet. Etter det som vart opplyst i fylkesmannen si orientering til Stryn kommunestyre, ligg der ca 3 millionar kroner som dei 26 kommunane kan søkje på til gjennomføring av spørjeundersøkjing/folkerøysting m.m.

Hornindal og Stryn har ei felles nemnd som førebur kommunereforma. Dei skal ha sitt neste møte 9. januar. Hornindal kommunestyre har lagt inn eit ekstra møte 29. januar for å kunne fatte vedtak som gjer at dei er i posisjon for å søkje om utgreiingsmidlar.