Den beste løysinga, dersom vegen Olden - Innvik ikkje kan bli fullfinansiert utan bompengar, ville vore ein bom som tok med heile strekninga frå Byrkjelo til Stryn. Då ville vi ha med tunnel gjennom Utvikfjellet i same prosjektet som Olden - Innvik, og vi skal heller ikkje gløyme tunnelane på Staveneset og Tyvaneset, meiner leiarane for dei tre verksemdene Skogstad Sport, Innvik Sellgren og Haugen Norge. I eit felles notat tilrår dei at Stryn kommune går inn for bompengefinansiering av Olden - Innvik dersom dei ikkje vinn fram med eit utvida prosjekt.

Hovudargumentet er ikkje næringslivet, men borna. Tanken på at tre årskull frå Vikane trafikerer denne strekninga heile skuleåret og også Stryn vidaregåande, skaper uro og otte, seier Olav Rune Haugen som sjølv har born i skulen. Han trur at dårleg veg er eit større hinder for auka busetjing i Vikane enn bompengane. Tryggleiken for borna kan ikkje målast i pengar.

I går røsyta fem mot to i Stryn formannskap for ikkje å sende søknad om bompengar. Per Kjøllesdal (Sp) og Nils P. Støyva (Ap) røysta for.

Les meir i papirutgåva

Skogstad henta kundar frå Hotel Alexandra med rib-båtar fordi dei ikkje skulle bli ståande i trafikkø.