Tarjei Bø viste kanonform i sporet på dagens fellesstart i Rupholding. Med ei knallsterk sisterunde gjekk han seg opp frå 7. til 3. plass, sin andre plass på pallen i løpet av helga. Tarjei starta med to bom i liggande og gjekk ut på 25. plass, men skaut deretter 0-1-0, og klatra oppover listene for kvar skyting. Martin Fourcade vann løpet, med Moravec på andre plass.
Johannes Thingnes Bø vart nummer 10 etter 0-1-0-1 på standplass.