I Sogn og Fjordane gjer nesten ein av trebilistar andre ting samtidig som dei køyrer bil. Meir enn kvartiande du møte på vegane har for vane å lese eller taste på mobilenmens dei køyrer, opplyser Trygg Trafikk.Norske bilistar har for lite fokus på vegane nårde køyrer bil, viser ei ny undersøking gjort av analyseselskapetYouGov for Trygg Trafikk og Gjensidige.I Sogn og Fjordane svaraheile 30 prosent at dei gjer andre ting mens dei køyrer bil.Undersøkinga viser at rundt 1,1 millionar nordmenn let segdistrahere bak rattet, og 350 000 nordmenn skriv og les på mobileni trafikken. ‒ I fjor omkom 147 personar i trafikken, og 674 varthardt skada. Dei personlige og samfunnsmessige konsekvensane erstore både for familie, vener og lokalsamfunn, seier distriktsleiarAudun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Mobiltelefonen Resultata i Sogn og Fjordane er i stor grad i samsvar med deinasjonale resultata. Både å prate i telefonen, skrive meldingareller å ete mens ein køyrer er vanlege distraksjonar også forinnbyggarane i Sogn og Fjordane.

‒ Det skal svært lite til før detskjer ei ulykke, og det aukande talet eineulykker indikerer at vier mindre oppmerksame bak rattet. Det er nedslåande å sjå at såmange manglar fokus på bilkjøringa, seier Sigurd Austin,konserndirektør for skade i Gjensidige.Mobilen eit risikoelement itrafikken i Sogn og Fjordane.16 prosent av sjåførane i fylketsvarar at dei tidvis køyrer bil og snakkar i mobilen utan handfribetening. 8 prosent svarar at dei skriv eller les på mobilen bakrattet. Det er litt betre enn landsgjennomsnittet, der 22 prosentsvara at dei snakka i mobilen utan handfri betening. 15 prosentseier også at dei skriv eller tekstar i trafikken. ‒ En stor del avulykkene på norske vegar skuldast distraksjonar, og mobilbruken måta sin del av skulda. Å snakke i mobilen utan handfri betening erulovlig nettopp fordi det auka risikoen for ei ulykke. At så mangesom nesten ein av ti av bilistar i Sogn og Fjordane les og skriv påmobilen er skremmande, seier Heggestad.

Mat og drikke også eit risikomomentÅete og drikke er også vanlige aktivitetar i bilen. Heile 41 prosentav dei spurde i fylket svarar at dei tek seg ein matbit eller drikkmens dei køyrer. ‒ Vi oppmodar folk til å stoppe å ete. Ete pausarer vinn-vinn. Ikkje berre får ein frisk luft og ein strekk påbeina, men du slepp at maten stel fokus. I tillegg får du muligheittil å trygt sjekke mobilen, seier Heggestad i Trygg Trafikk.

Tekstmelding er livsfårlegTal frå Statens Vegvesen viser at 29nordmenn mista livet i trafikken som følgje av mobilbruk i perioden2005 til 2013. Gjensidige Forsikring merkar også at sjølv om taletpå ulykker har gått noko ned, aukar talet på ulykker som følgje avat føraren vert distrahert. ‒ Mørketala her er store, og det er fåsom veit kor alvorleg dette problemet verkeleg er. Difor ynskjer vino saman med Trygg Trafikk å auke fokuset på problematikken, seierAustin i Gjensidige.