Ein tur opp til fjelltoppen Skuggenatten og ned igjen til idrettsplassen i Treungen inneber 470 høgdemeter og ei strekning på 8,6 km på beina. I fjelløpet "Skuggenatten 12-timars" gjeld det å klare denne utfordringa flest gongar i løpet av 12 timar.

Ein av dei som imponerte i dette løpet nyleg var 16-åringen Youri van der Werve frå Hornindal. Han var desidert yngst av dei 31 som starta i løpet, men plasserte seg likevel med sine 5 runder på 21.-plass av 31 løparar i herreklassen.

Imponerte: 16 år gamle Youri van der Werve frå Hornindal IL. (Arkivrfoto)

Løypa var definitivt utfordrande, med mange glatte svaberg som heldigvis tørka opp undervegs i løpet, skriv Kondis.no.

Berget Svåune i Skuggenatten har til orientering 20 prosent helling. Ingen spøk når det har regna!