Nynorsk kultursentrum ber om framlegg til kven som bør få prisen«Årets nynorskbrukar 2016». Alle som vil, kan føreslå kandidatar. Ein e-post med eit namn og ei kort grunngiving er alt som skaltil.

- Dette er den fremste nynorskprisen og ein av dei få som dekkjeralle samfunnsområde, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorskkultursentrum.

Fristen for å føreslå kandidatar er sett til onsdag10. februar, og styret i Nynorsk kultursentrum tek si avgjerd få vekerseinare. Prisen er på 100.000 kroner og blir kvart år delt ut vedopninga av Dei nynorske festspela. Dette er gjort sidan 2000.

Under ser du kven som har vunne tidlegare:

2000 Høgsterettsdomar Karl ArneUtgård

2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd KjellaugBerge

2002 Ringstabekk skole

2003 Redaktør Martin Toft

2004Musikkgruppa Side Brok

2005 Forfattar Kjartan Fløgstad

2006Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008 ÅmliAvisa v/redaktør IngerStavelin

2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010 Forfattar MariaParr

2011 Bloggar Linda Sæbø

2012 Journalistane Ingvild Bryn ogArill Riise

2013 Filosofen Gunnar Skirbekk

2014 SonglyrikaraneAasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015 Kunsthistorikar ogforfattar Jorunn Veiteberg