Johannes Thingnes Bø er klar for å stille i strynedrakta, og laurdag blir han å finne på benken frå start i 3. divisjonsoppgjeret mot Volda på Stryn stadion.

Johannes skreiv kontrakt i vår og har lisensen i orden som strynespelar. Tett samlingsprogram har gjort at stryningen med sju verdscupsigrar i skiskyting ikkje har kunne delta i troppen før no, opplyser Torstein Tvinnereim i Stryn Fotball.

Trenar Johann Sigurdsson har teke Johannes ut i troppen, og skulle han kome på bana, vil det vere debut for 22-åringen.

Johannes er godt i gong med førebuingane til ein ny skiskyttarsesong. I seniorklassen har kometen allereie sikra seg VM- gull. Det skjedde på sprinten i Kontiolahti sist vinter der han tidlegare hadde sikra seg tre VM-titlar som junior.