Statsråd Bent Høie snudde ikkje då han møtte aksjonistar, ordførarar og tilsette ved Volda sjukehus i Volda i dag. Høie vektla sterkt at lokalsjukehusa skal bestå og "utvikle seg" i samarbeid om tenestene. Regjeringa sin helse- og sjukehusplan foreslår likevel at det akuttkirurgiske tilbodet skal leggast ned ved fem lokalsjukehus, mellom desse Volda.

Grensa for å kunne ha akuttkirurgisk beredskap går på eit pasientgrunnlag på over 60.000-80.000. Det er då snakk om store akuttsjukehus som t.d. Førde med breie tilbod innan akuttkirurgi og andre medisinske spesialitetar.

På skalaen under kjem akuttsjukehus som minst skal ha akuttfunksjon i indremedisin, anestesilege i døgnvakt og planlagt kirurgi. Desse sjukehusa kan ha akuttkirurgi i heilt spesielle tilfelle, der faktorar som busetjingsmønster, avstandar og kommunikasjonar er viktige å vurdere.  Lengst ned kjem sjukehus utan akuttfunksjonar, såkalla elektive sjukehus.

Høie poengterte at helseforetaka som omfattar Volda sjukehus, kommunane og politikarane i lokale prosessar har ein jobb å gjere for å dokumentere "sin sårbarheitsposisjon". Det er avgjerande for kvar på skalaen Volda sjukehus vil hamne.

Statsråden vart møtt i Volda av ordførarane Stein Aam frå Ørsta  og Jørgen Amdam frå Volda. Deretter spaserte han opp trappa ved samfunnshuset framfor eit stort antal frammøtte. Tøffe spørsmål vart servert, mellom anna frå tidlegare tilsett ved sjukehuset, aksjonsleiar Synnøve Rekkedal Hill og tidlegare aksjonsleiar ved Nordfjord sjukehus, Svein Hansen.

Deretter møtte Høie ordførarane på Sunnmøre og i Nordfjord før alle la i veg opp til sjukehuset. Der vart det nye tøffe rundar med dei tilsette på sjukehuset før det heile roa seg ned med omvisning på kirurgisk avdeling ved kirurg Rune Heggedal og klinikksjef Knut Nautvik.

-