Alle barnehagar i Stryn og Hornindal hadde i dag ei eller anna form formarkering av barnehagedagen.

Barnehagedagen vert markert kvart år i mars, og føremålet er å synleggjere kva borna får oppleve,erfare og lære i barnehagen. Det er Utdanningsforbundet,Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnehager (FUB) som står bakBarnehagedagen.

Årets tema er «les høgt for meg». Ved Nordsida barnehage hadde dei valgt å bruke historier og eventyr. Dei hadde lagt opp til ulike stasjonar med høgtlesing der elevane i 5-6-7 trinn ogordføraren las høgt for barnehageungane.

I tillegg hadde dei invitert foreldre og besteforeldre til å vere i lag med ungane, og det vart servert bokstavsuppe og bokstavbrød!