I ettermiddag får vi første signal på VM-formen til Bø-brørne. Då står mixed-stafett på programmet.

- Eg håpar vi stikk heim med gullet. Men eg let meg ikkje knekke om det ikkje går, uttalte Johannes Thingnes Bø på pressekonferansen tysdag.

Han meinte elles at tredjeetappe var ideelt for han.

- Eg har gått mange gode tredjeetappar og kan hente masse, sa ein som vanleg offensiv Bø.

Eldstebror Tarjei håpar og trur på gull, men veit også fleire lag har den ambisjonen.

- Eg trur Tyskland kan bli harde å slå visst dei stiller med det beste laget, sa Tarjei til NRK.